Mot slutten av 80-talet og byrjinga av 90-talet var det langt mellom pedagogane som deltok på kurs om til dømes
AD/HD. Det er freistande å seie at dette var eit fagfelt som stort sett hadde knytt til seg legar og nokre få nevropsykologar.
Det at NK vart ein del av dei statlege kompetansesentrene opna opp for ei rivande utvikling av fagfeltet på mange plan for mange faggrupper. Psykologar, fysioterapeutar, legar og spesialpedagogar deltok på same kurs og fekk høyre det same av dyktige fagfolk som vart henta inn frå USA, Canada, Italia, Danmark, Sverige, ja frå dei land som måtte ha solid og god forsking på området.
 

Av konferansane på 90-talet står konferansen på Soria Moria med Russel Barkley som foredragshaldar i ei særstilling. Vi drog frå Soria Moria med ei djupare forståing og eit drivande engasjement. Her var alle kompetansesentrene representert , noko som var avgjerande for ei samla forståing og haldning til fagområdet.
I tillegg til å arrangere gode faglige kurs og konferansar, reiste tilsette på NK med Gerd Strand i spissen, rundt på kompetansesentrene og deltok i casedrøftingar, var med i utgreiingar og møtte foreldre, PPT og skular og barnehagar. Dette var eit svært konstruktiv og utviklande samarbeid.


Ved NK si hjelp vart det midt på 90-tallet oppretta årlege AD/HD-samlingar i nettverk i Statped. Arrangementa gjekk på omgang mellom sentrene og senterleiarane forplikta seg til å delta saman med fagfolka. Det var spesielt, og på den måten vart fagutviklinga forankra til topps i Statped.


I ettertid ser ein kor viktig og rett det var at NK vart ein del av dei spesialpedagogiske sentrene. I tillegg til all kompetanseheving via kurs, konferansar og nettverksarbeid, var det lett å møtast, ta ein telefon og samarbeide om både systemretta og individretta arbeid. Erfaringane var udelt positive og det var mange av oss som var skeptiske når NK skulle ut av Statped si portefølje og over til helsesektoren. Med nye styringssignal, var vi fleire som var redde for at det spesialpedagogiske fokuset skulle bli borte.
 

Sjølv om det rett nok vart endring i måtane å samarbeide på, er det viktig å få fram at det gjennom ulike utviklingsprosjekt, og i forskarnettverk har vore mykje positivt samarbeid også etter omorganiseringa. Kan hende er det lett å seie at ting fungerte betre før, men det var utan tvil tettare samarbeid mellom Statped og NK når ein var i same organisasjon.
 

Ved eit tilbakeblikk på desse 20 åra, kan det kanskje vere lov til å bli litt nostalgisk og tenke tilbake på ei tid som var, der vi verkeleg utvikla eit nytt fagfelt i flokk. Der det vart etablert solid kunnskap om nevrobiologiske vanskar, der vi kunne være føregangskvinner og -menn og skape ein ny skulekvardag for ei gruppe elevar som vi tidlegare ikkje hadde forstått oss på.
Stor takk til NK som la grunnlaget for denne kompetansen i Statped!


Om Statped
«Statped skal bidra til at det vert mogleg for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov å ta aktiv del i utdanning, arbeid og samfunnsliv. Statped skal vere ei støtte til kommunar og fylkeskommunar, og ein pådriver for utvikling av fagområda hørsel, syn, språk/tale, pådregen hjerneskade, samansette lærevanskar og døvblindhet/kombinerte syns- og hørselsvanskar, slik at Statped kan bidra til eit likeverdig tilbod til brukarane. Statped er èi nasjonal verksemd, styrt frå ein direktør i Oslo, med om lag 750 tilsette fordelt i fire regionar.»

Kirsten Skram, her fra et nettverkssamlingsmøte med NAV i 2011.Foto: Marit Skram